– Det er tradisjonsrike bedrifter med lang erfaring som no vil bli totalleverandør av tekniske fag for heile Sunnhordland, seier Christer V. Notland. Han tar over som dagleg leiar for selskapa, og kjøper 45 prosent av aksjane frå Arne Helle i Helle AS. – Saman vil me gi eit betre tilbod til kundane våre, seier Arne Helle. Han blir i bedrifta framleis, saman med sonen Anders, og vil halda på 45 prosent av aksjane.

Den tradisjonsrike rørleggarbedrifta på Svortland blei starta for over 50 år sidan, og har i dag 18 tilsette og ein omsetnad på kring 25 millionar kroner.

Utvidar med ventilasjon
John Magne B. Langåker kjøper 10 prosent av aksjane, og får ansvaret for å byggja opp ei eiga avdeling for ventilasjon.
Både Langåker og Notland har lang erfaring frå prosjektmarknaden, og ser store fordelar ved at ein no kan tilby å levera løysingar for alle dei tekniske faga samla.

– Både Helle AS og Helle Elecon har god og lang erfaring frå servicemarknaden og mindre prosjekt. Når me no blir totalteknisk leverandør, vil me òg kunne tilby gode løysingar for større prosjekt innanfor elektro, ventilasjon og rør, seier John Magne B. Langåker.

Leitar etter fleire dyktige fagfolk
Jarle Neset, Halvor Øvrevik og LOS Elektro sel seg ut av Helle Elecon, men Neset og Øvrevik blir med framleis. Selskapet i Kunnskapshuset på Leirvik har 22 tilsette og ein omsetnad på kring 20 millionar. – Me vil halda fram med det me er gode på, men ser at det er vil vera bra for selskapa å kunne satsa på det tverrfaglege, seier Jarle Neset.

Alle tilsette i dei to bedriftene blir med vidare, inkludert dei fem lærlingane dei har. – Me ser for oss at me vil ha trong for å utvida arbeidsstokken. Me er på jakt etter dyktige fagfolk innanfor alle fag, seier Christer V. Notland.